Meny

IMF ettergir gjelda til 19 fattige land

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Det internasjonale pengefondet IMF ettergir gjelda til 19 av dei 20 fattigste landa i verda.

(Foto: savethechildren.org.uk)(Foto: savethechildren.org.uk)

Washington (NTB-AFP-DPA): Styret i IMF vedtok onsdag gjeldsslettinga, som vil koste IMF 3,3 milliardar dollar.

Berre Mauretania fekk ikkje ettergitt gjelda si, fordi landet ikkje kunne garantere at pengane som blir sparte, skal brukast til å motarbeide fattigdomen.

Landa som får gjelda sletta, er Benin, Bolivia, Burkina Faso, Etiopia, Ghana, Guyana, Honduras, Kambodsja, Madagaskar, Mali, Mosambik, Nicaragua, Niger, Rwanda, Senegal, Tadsjikistan, Tanzania, Uganda og Zambia.

Verdsbanken ventast seinare i år å vedta ei liknande sletting av gjelda til ein verdi av 38 milliarder dollar til dei same landa.

Vedtaket er eit resultat av G8-møtet i Gleneagles i Skottland der leiarane for verdas rikeste land blei einige om å ettergi dei fattigaste landa si gjeld til dei multinasjonale institusjonane. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus