Brannskader av stjerneskot

Artikkelen fortsetter under annonsen

Stjerneskot høyrer nyttårsfeiringa til, særleg for ungane. Dei siste åra har derimot ein del barn fått mindre brannskadar og augeskadar av stjerneskot.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: elbowlake.com)(Foto: elbowlake.com)

(NPK:) I fjor fekk seks barn brannskadar av stjerneskot, og året før var det 18.

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) minner om at det er 16 års aldersgrense for bruk av stjerneskot, og at barn ikkje skal bruke det utan at foreldra er til stades.

Kjernen i eit stjerneskot som brenn er mellom 500 og 1.000 grader. Det er varmare enn i eit vanleg bål. Derfor kan ein få ganske stygge brannskader dersom ein kjem borti sjølve stjerneskotet når det brenn.

Gneistane som sprutar ut vert fort avkjølt, men dersom ein held stjerneskota nær ansiktet, kan gneistane gi augeskader og brannsår.

Stjerneskot må berre brukast utandørs. Det skal haldast på strak arm vekk frå kroppen. Ein bør halde det mest mogleg i ro og i god avstand frå andre menneske, oppmodar DSB. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving