We are the robots!

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det byrja med eit ekkelt monster for over 150 år sidan, og no kan du spele golf med ein elektronisk caddy. Utviklinga innan robotikken har definitivt gått framover.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sir Isaac Asimov (1920 - 1992) var kongen av scifi. (Foto: kevincmurphy.com)Sir Isaac Asimov (1920 - 1992) var kongen av scifi. (Foto: kevincmurphy.com)

I dag er det 86 år sidan scifi-forfattaren Isaac Asimov vart fødd, og i høve dagen skal me ta deg med på ein kort rundtur i robotens verd:

I gamle dagar


- Ordet robot kjem av det tsjekkiske ordet «robota» som tyder «arbeid». Tsjekkaren Karel Capek var den første til å nytta ordet robot i eit teaterstykke frå 1920.

- Verdas aller første møte med ein robot var i Mary Shellys roman «Frankenstein» som kom ut i 1818.

«

Eg, Robot»


- Isaac Asimov reknast som ein av dei største scifi-forfattarane i verda. Han skreiv mellom anna romanen «I, Robot» som er grunnlaget for filmen ved same namn som kom ut i 2004 med Will Smith i hovudrolla.

Elektroniske bjeff er kanskje ikkje så koselege som naturlege, men denne hunden er nok stoverein frå fødselen av. (Foto: atpm.com)Elektroniske bjeff er kanskje ikkje så koselege som naturlege, men denne hunden er nok stoverein frå fødselen av. (Foto: atpm.com)

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- I Asimov si bok «Runaround» frå 1942 blir det lansert tre lovar for robotikken:
1. Ein robot skal ikkje skade eit menneskje, eller indirekte gjera slik at menneska kjem til skade.
2. Ein robot skal adlyde menneska untatt når dette kjem i konflikt med lov 1.
3. Ein robot må beskytte sin eigen eksistens så lenge dette ikkje kjem i konflikt med lov 1 eller lov 2.

Framtidsvisjon eller berre eit vakkert mareritt? (Foto: worth1000.com)Framtidsvisjon eller berre eit vakkert mareritt? (Foto: worth1000.com)

Skumle menn frå Mars?


- Dei norske scifientusiastane Bing og Bringsværd skremte nesten vatnet av det norske folk med den skumle serien «Blindpassasjer» som gjekk på NRK i 1978.

- På planeten Mars er det for tida ein robot som heiter Spirit som er på oppdagingsferd. Roboten er eigd og styrt av det amerikanske romfartsselskapet NASA. Hjå forsking.no kan du sjå bilde som roboten formidlar frå mars.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Du har mange


- I dag vert robotar nytta innan mange typar teknologi, og me omgir oss med stadig fleire robotar i dagleglivet. Visste du klokkeradioen eller oppvaskmaskina di er robotar? Dessutan kan me få robot-kjæledyr , robotplenklypparar eller robot-caddy til golfrunden.

- Det heil-elektroniske bandet Kraftwerk kan du sjå i ein video med låta «The

Coldplay vs. machine. (Foto: glamouronline.it)Coldplay vs. machine. (Foto: glamouronline.it)

Robots» hjå iFilm. Det kan bli nokre kalde og monotone minutt, dette.

Lat oss snakke


- Den siste videoen til Coldplay, «Talk», syner korleis bandet knyter band med ein svær og klumpete, men elles riktig sjarmerande robot.

Medan du koser deg med den (du må melde deg inn, men det er fort gjort), kan du kanskje tenkje gjennom korleis det vil bli viss/når maskinene overtek verda.

Neste Klikk:

Meir om robotar:

  • Ei kort innføring i robotane si historie hjå Robot History.

  • NASA kan m.a. lære deg korleis du byggjer din eigen robot.

  • Hjå The Tech Museum kan du styre din eigen robot og kanskje sjå ei robot-kunstutstilling.

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving