Rolf Sagen: «Josefines songar»

Artikkelen fortsetter under annonsen

Rolf Sagen har skrive ei alvorleg, trist og poetisk barnebok om fattigdom.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Rolf Sagen si siste bok inneheld dikt for barn - om blant anna inkasso.Rolf Sagen si siste bok inneheld dikt for barn - om blant anna inkasso.

«

Josefines Songar»


Rolf Sagen
(Det Norske Samlaget 2005)

Rolf Sagen (fødd i 1940) har sidan debuten i 1968, skrive 29 bøker. Den 29. boka er, som fleire av dei andre han har skrive, for barn.

Dikt

I «Josefines songar» er det Josefine på 13 år som er forteljar. Boka er samansett av dikt eller songar, der Josefine fortel om livet sitt saman med syskena og mor si.

Josefines songar er triste og sterke. Ho fortel om ein anna røyndom enn vi er vane med i Noreg, her vi har det så godt.

Skillingsvise


Det er nesten som skillingsvisene i gamle dagar. Her er eit døme:

«Kva hjelper det mot ei vond makt
som et kroppen frå innsida

Mørkret hjelper
og små glimt av lys hjelper

Eg kunne høyre på stemmen
at det var farlig no

Det er ingenting farlig
sa mor
»

Mor til Josefine er sjuk, dei er fattige, og må bu i ei hytte. Faren til Josefine, som drakk og slo, har forlete familien.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Inkassodikt


Eg har aldri før lese dikt om banken, namnsmannen og inkasso. Det er sikkert skrive nokre før, men eg opplever det som rimeleg orginalt å skrive slike dikt for barn.

Om barna likar det, veit eg ikkje. Eg går ut frå at ei bok om ei som er 13 år kunne passe for dei som er 13 og litt yngre. Sjølv om dikta tar opp alvorlege tema, kan nok kven som helst kjenne seg igjen i Josefine. Sjølv om det er mykje trist, fortel Josefine også om fine ting i livet.

Sparsam grafikk


Boka er sparsamt illustrert, med grafikk av Hilde Kramer. Illustrasjonane er små ikon som understrekar det innbitte, triste og håplause, men óg det eventyrlege i Josefinesongane.

Temaet i boka kan som sagt lett tippe over i den meir komiske skillingsvisa, der det ikkje er måte på sorg og elendigheit. Men er det måte på sorga og elendigheita i verda? Nei. Syng vi songar likevel? Ja. Det må vi alltid gjere. Rolf Sagen held på ei knapp form, derfor tippar ikkje boka over i det oversentimentale, men balanserer på grensa dit.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kor og kva tid?


Eg trudde ei stund at Josefine var plassert i eit fattigare land enn vårt, eller i ei anna tid. Men då eg las om mobiltelefonen til venninna til Josefine, inkasso og banken, skjøna eg at dette er fattigdomen midt i blant oss. Det trur eg er eit viktig grep.

Likevel er eg ikkje sikker på om at 13-åringar vil halde ut det som kan verke som «gammal mann fortel frå gamle dagar», heilt til dei kjem til mobiltelefonen og skjønar at Josefine er nærmare dei sjølve.

Alt i alt synest eg dette er ei vakker, poetisk og viktig bok

.

Fire eple til Rolf Sagen!Fire eple til Rolf Sagen!

Eg gir ho fire eple, fem skulle ho fått viss eg var sikker på at ho traff målgruppa.



Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving