Meny

Havarikommisjonen slår alarm etter nestenulykker

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Havarikommisjonen slår alarm etter at fire SAS-fly har havna utanfor rullebana på Flesland.

(Foto:consultation.at)(Foto:consultation.at)

Bergen (NTB): Dette har skjedd utan at nokon har tatt ansvar for dei alvorlege nesten-ulykkene, skriv Bergens Tidende.

Kommisjonen la tysdag fram ein omfattande rapport som beskriv fire nesten-ulykker i tidsrommet 1995 til 2003. Årsaka til at problema ikkje er løyste, synast å vere ein krangel om pengar.

- Pengar er sjølvsagt sentralt her, men av prinsipp diskuterer ikkje vi kostnader. Prisen ved ei ulykke vil uansett vere betydeleg større, seier havariinspektør Knut Lande.

Problema har vore knytt til bruk av autopilot.

- Dette er hendingar som vi beskriv som alvorlege nesten-ulykker, seier havariinspektør Lande.

Flesland har heller ikkje sentrerte lys på rullebana. Dette har Havarikommisjonen påpekt fleire gonger tidlegare overfor luftfartsmyndigheitene. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus