Lukt mot nyttårsangst hos hund

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tusenvis av norske hundar lir når nyttårsrakettane smell.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: hk.geocites.com)(Foto: hk.geocites.com)

No er det ikkje lenger nødvendig å roe redde hundar ned med doping. Ei behageleg lukt kan vere løysinga.

Det er kome på marknaden ein liten behaldar som skal stå i stikkontakten, og som skil ut ei naturleg duft, såkalla feromonar.

- Feromonar er ei lukt som diande tisper skil ut for å knyte til seg og roe ned kvelpane. Lukta verkar også roande på vaksne hundar, fortel Vidar Sunde Aas i Orion Pharma Health til Newswire.

Behaldaren er å få tak i hos veterinær, og varer i ein månad. Den skal stå i stikkontakten dag og natt og helst frå fleire dagar før nyttårsaftan.

Produsenten hevdar å ha dokumentasjon på at feromonar verkar mot nyttårsangst hos hund. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving