Underliggjande rasisme i Australia

Tre firedelar av australiarane meiner landet deira er rasistisk, og 60 prosent trur opptøyane på strender i Sydney den siste tida har skada omdømmet til landet, ifølgje ei meiningsmåling.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Ill: sweetmarias.com)(Ill: sweetmarias.com)

Canberra (NTB-Reuters): Meiningsmålinga som blei offentleggjort i Sydney Morning Herald tysdag, tvang for første gang statsminister John Howard til å innrømme at rasisme spelte ei rolle i opptøyane, sjølv om han fortsatt nektar for at australiarar flest er rasistar.

- Somme menneske i Australia er rasistar, men eg kan ikkje tru at den gjennomsnittlege australiar er rasist. Eg trur ikkje at fleirtalet av australiarane er rasistar, sa Howard til australsk TV.

Opptøyane braut for første gang ut 11. desember på Cronulla-stranda i Sydney då store gjengar med berusa kvite ungdommar, anspora av nynazistar, gjekk laus på alle som såg ut som dei kom frå Midtausten.

Dei hevda at dei berre forsvarte stranda si mot libanesarar som dei skulda for å ha angripe to livreddarar. Libanesiske ungdommar slo tilbake, angreip bilar og overfall folk i fleire forstader i to dagar etterpå.

Sjølv om roa har vendt tilbake, sirkulerte det tekstmeldingar som oppfordra folk til å møte fram til nye samanstøt med unge libanesarar. (©NTB)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy