Yndlingsplassen - støy og gøy

Artikkelen fortsetter under annonsen

Internett er støy og internett er gøy, synest Solveig Marie Smedstad, og gir deg tips til nettstader der du kan leite etter spennande skattar av forskjellig art.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Solveig har nettopp avslutta hovudfaget sitt i humanistisk informatikk ved Universitetet i Bergen.


- Fortel litt om ditt forhold til nettet.


Solveig Marie Smedstad er akkurat ferdig med hovudfaget sitt i Humanistisk Informatikk ved Universitetet i Bergen, og synest internettet er både støy og gøy.Solveig Marie Smedstad er akkurat ferdig med hovudfaget sitt i Humanistisk Informatikk ved Universitetet i Bergen, og synest internettet er både støy og gøy.


- Eg har et mangesidig forhold til nettet, for nettet er så mykje. Internett er gøy og internett er støy.

- Som student på humanistisk informatikk med internett på pensum har eg forhalde meg til nettet som informasjon, kommunikasjon, kollaborasjon, kunst, demokratifremjande, anarkistisk, sensurerande, personvern-problematiserende og åndsverks-problematiserande.

- Kva er det beste med nettet?

Geocach er ein nettstad Solveig er fascinert av, enda ho ikkje har gps.Geocach er ein nettstad Solveig er fascinert av, enda ho ikkje har gps.

- Det er mye som er best med nettet. Men det eg likar aller aller best er å kunne finne ut alt eg lurer på. Når eg funderer på eitt eller anna eller diskuterer med nokon, skriv eg det ned i ei bok, og søkjer neste gong eg er på nettet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Kva er favoritt-nettstaden din for tida?


- Akkurat no er eg fascinert av Geocaching.com. Eigentleg burde eg ha ein GPS- mottakar for å ha glede av denne nettstaden som er ei slags verdsomspennande skattejakt.

- GPS-entusiastar legg ut skattkister i nærmiljøet sitt og eit skattekart med hint og koordinatar leggjast ut på nettstaden.

- Finnarane av skattkista (som kanskje er ein isboks) tar ut ein skatt (som kanskje er ein refleks) og legg ned ein ny (som kanskje er ein grøn penn), og dette blir loggført på nettstaden saman med kommentarar om turen dit.

- Det finst tydelegvis mange GPS-entusiastar rundt i verda, for det ligg skattar i over 180 land. Sidan kravet er at skatten skal liggje på ein stad der det av ein eller anna grunn er verdt for andre å besøkje, er Geocaching eit strålande alternativ til turistguidar som Lonely Planet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Visste du at du kan kjøpe og selje brukte bøker på Amazon.com?Visste du at du kan kjøpe og selje brukte bøker på Amazon.com?

- Tenk å kunne besøkje yndlingsutsikta til ein GPS-entusiast i Nepal for eksempel. Det beste med nettstaden er at nokre av skattane er spora, og ein kan følgje reiseruta deira rundt i verda. Eg veit om ein rosa plysjblekksprut som har reist frå Hawaii til Japan, austover.

- Kva er favoritt-nettstaden din

gjennom alle tider?


- Amazon.com er nok ein av favorittane, særleg etter at eg byrja å kjøpe brukte bøker der. Sist fekk eg ei signert utgåve, med bilde av den forrige eigaren og forfattaren inni, til 2 dollar.

- Nesten alt er å få tak i på Amazon, og eg likar å få personlege tips om kva eg kunne vere interessert i å kjøpe, basert på kva andre som har kjøpt det same som meg, ellers har kjøpt. Ein interessant form for reklame, og det kan vere relativt morosamt og obskurt iblant.

- Kor på nettet er du kvar dag?

- Det eineste eg gjer heilt sikkert er å lese e-post og nettaviser for å byrje dagen. I det siste har eg prøvd å vere på nettet minst mogleg for å heller skrive på hovudfaget mitt.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Veit du om ein eller fleire nettstader du synst burde vere meir kjende?

- Det spørs jo kva som meinast med kjend

På Wikipedia finn Solveig svar på mykje ho lurer på.På Wikipedia finn Solveig svar på mykje ho lurer på.

og for kven. Men eg har truffe alt for mange som verken kjenner til Amazon eller Wikipedia, og det synest eg dei burde.

- På Wikipedia finn eg for eksempel nesten alt eg funderer på og skriv i boka mi, og som regel finst det referansar til kjeldene.

- Forskning.no er også ein fin nettstad der eg finn ting eg ikkje visste at eg lurte på.

- Din eigen nettstad?

- Nei, eg har ikkje nokon nettstad. Først vil jeg ha noko å dele med verda.

Les meir i Neste Klikk:

  • Nett-tips frå Jill Walker i forrige episode av Yndlingsplassen
  • Bokmålsredaksjonen har også nett-tips å by på


ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving