Dyrare togreiser for røykjarar

I løpet av våren blir plassbilletten for togreiser i Danmark 50 prosent dyrare for røykjarane enn for andre.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: hypnotize.me.uk)(Foto: hypnotize.me.uk)

(NPK:) Røykjeplassane på toga blir korta ned til ein tredel av dagens, og det blir ingen røykjeplass på første klasse.

Dei som vil røykje på turen med Danmarks Statsbaner(DSB) må ut med 30 kroner for ein plassbillett som andre betalar 20 kroner for. InterCity-tog og hurtigtog blir utan røykjekupe på enkelte strekningar.

- Grunnen til å krevja ekstrabetalt for ein røykjeplass er at utgiftene til reingjering i røykjekupeen kostar fleire millionar kroner ekstra i året, opplyser passasjerdirektør Bjørn Wahlsten i DSB til Jyllands-Posten. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy