Landsens ungdom gjer vegane utrygge

Artikkelen fortsetter under annonsen

Unge menn på landsbygda likar å bruke vegane til å leva livet farleg. Dette gjer seg utslag i fleire trafikkulukker, er konklusjonen i ein ny rapport frå NTNU

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Av Inger Robøle Kristiansen, Nynorsk Pressekontor

(Foto: eveanderson.com)(Foto: eveanderson.com)

- Vi snakkar om ein høgrisikokultur blant unge menn i utkantstrok, seier førsteamanuensis Stig Jørgensen og stipendiat Sveinung Ø. Eiksund til forskning.no.

Dei to NTNU-forskarane står bak studien «Transport, risikoatferd og geografi», der dei har undersøkt haldningar til trafikk og bilbruk blant 800 personar mellom 19 og 24 år i Midt-Noreg.

Risikovillige


Forskarane har sett på kor dei som var innblanda i trafikkulukkene kom frå, ikkje berre kor ulukkene skjedde.

Dermed har dei kunna seia noko om kor vidt det er ein samanheng mellom kvar trafikkofra bur og kor sikre dei er i trafikken.

Personane som har svara på undersøkinga har sjølve rapportert om kor utsette dei har vore for ulukker og kor ofte dei bryt trafikkreglane. Difor har forskarane kunne samanstille risikokultur med dei statistikkane politiet har for trafikkulukker i Trøndelag. Forskarane trur at tala er representative for andre landsdelar.

Ulukkestala er brotne ned på ulike kommunetypar, som by, bynært og utkant, og konklusjonane er klare. Det er skilnad mellom ungdommar på bygda og byane når det gjeld haldninga til sikker trafikk.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Bygdeungdommen har høgast toleranse for trafikkfarleg åtferd. Dei rapporterer sjølve om høg terskel for å bryte fartsgrensa, ikkje bruke bilbelte, og liknande.

- Enkelt sagt; Nivået av risikoåtferd aukar i takt med avstanden frå byen, seier forskarane til forsking.no

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Jentene meir forsiktige


Men det er skilnader mellom menn og kvinner. Sjølv om unge menn i byane er mindre risikovillige enn menn på bygda, tek dei fleire sjansar enn kvinnene i utkantane. Og som ei trøyst til engstelege foreldre; den mannlege bygdeungdommen roar seg ned når dei blir nokolunde vaksne.

I gruppa 16-24 år er det over dobbelt så mange alvorlege personskadar som i aldersgruppa 25-34 år.

Forskarane har funne ein klar samanheng mellom bilinteresse og ulukkestal, og spørsmålet er om den såkalla rånekulturen spelar inn.
Sosiolog Bjørn Flø ved Norsk senter for bygdeforsking peikar på at bilen er sentral i rånekulturen, og seier at det absolutt kan vera eit element av risiko i denne kulturen.

- Vi kan likevel ikkje setja likskapsteikn mellom rånekulturen og likegyldig haldning til reglar. Råning handlar ikkje berre om bilbruk, men om å finne seg ein eigen plass i ungdomskulturen, seier Flø. Men både han og dei andre forskarane er sterkt uroa over utviklinga.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Miljøa rekrutterer seg sjølve gjennom at 18-åringar med fersk «lapp» formidlar til 16-åringane som sit på, at bil og bilbruk er sentrale verdiar i ungdommen. Frontfigurane må ta inn over seg kva dei formidlar. Skal trafikkåtferd endrast, bør ein treffe desse i miljøa, seier Flø.

Nytt fokus


Det er første gongen ein har gjort denne typen undersøking på alvorlege trafikkulukker. Norsk forsking har for det meste fokusert på fysiske forklaringar; som kva vegstrekningar som er mest utsette, kva vegutbetringar som trengst, samanhengen med fartsgrenser, og liknande.

Denne undersøkinga peikar mot heilt andre tiltak enn fysiske utbetringar som har mest effekt i urbane strok. Det er på landevegen flest døyr, og svært mange unge. Tiltak for å redusere dødstala i trafikken må derfor rettast mot trafikkfarleg åtferd, meiner forskarane. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving