Små kommunar er best for skulebarn med store oppfølgingsbehov, viser ein ny studie frå NTNU.
(Foto: www.norden.org)
Ho er uroa over dei systematiske forskjellane på opplæringa av barn med store generelle lærevanskar eller utviklingshemming, skriv Vårt Land.
Dei to forskarane gjennomførde to undersøkingar der 312 foreldre og 306 lærarar frå alle fylke blei intervjua.
Studien viser at små kommunar er best for barn med oppfølgingsbehov fordi der får barn oftast gå i vanlege klassar, og på den måten får dei fleire vener og blir oftare med på sosiale aktivitetar.
- Barn som integrerast i klassemiljøet, har større sjanse for å bli trekte med på sosiale aktivitetar, både i og utanfor skulen. Dei har for eksempel større sjanse for å bli bedne i bursdagar, seier Ytterhus.
Ho fortel at det sosiale ser ut til å vere den viktigaste faktoren for at barnet skal trivast på skulen, og at det derfor er spesielt viktig at dei strukturelle rammene er inkluderande. (©NTB)