Grisar testar godteri

Artikkelen fortsetter under annonsen

Korleis reagerer grisar når dei får besøk av ein marsipanbror? Blir han teken i mot med opne armar, eller? Me testar julemarsipan på julegrisar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen


Det er juleferie, for svingande. Fri frå jobb og skule, fjernsynet sender oppbyggjelege familiefilmar og all maten er spist opp på to dagar. Kva skal me finne på no? Av keisamheit blir ein kreativ har me høyrt, og dessutan er det ein marsipangris igjen som ingen har plass til i magen. Ein liten test er gjerne på sin plass...

Grisehuset andar av julefred. Ein syskjenflokk på omlag tolv grisejenter og grisegutar ligg og kviler i ein haug. Dei har ikkje fått spesielt mykje julemat, dei får berre det same gamle kvardagsmjølet sitt. Men no skal dei få noko dei aldri har smakt før.


Sjå her, gutar og jenter. Her er marsipanbroren dykkar. No må de helse fint på. Hugs at han er mindre enn dykk, så han er kanskje litt blyg. Er det forresten nokon av dykk som har nøtteallergi? Håpar ikkje det.


Så få me sjå, då: Har de nokre hemningar når det gjeld å ete ein av dykkar eigne? Sjå der ja, der er det ein som vil smake på bror sin. Berre set tennene i han du, det er jo slik det er i naturen, med «survival of the fittest» og alt det der.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Neimen heisann! De må ta det med ro i matfatet, gutar og jenter. Alle må få smake. Og så må de hugse å drikke mykje vatn og pusse tennene etterpå, ikkje sant.


Nå, kva seier du, grisemor? Det kan hende ungane blir litt hyperaktive etter eit slik inntak av sukker, altså. Dei åt i alle fall opp heile marsipangrisen, så det vart ingenting att til deg.

Så har me prøvd det òg. Men enno er det berre 2. juledag. Kva skal me nå gjere?


Meir om grisar:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving