Sør-Trøndelag vil boikotte Israel

Som første fylke i Noreg har Sør-Trøndelag vedteke å boikotte Israel.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: projekt-j.ch)(Foto: projekt-j.ch)

Trondheim (NTB):

Vedtaket skjedde mot fylkesordføraren si stemme, skriv Adresseavisen. Rød Valgallianse håper at resultatet skal bli det same som då fylket boikotta Sør-Afrika.

- Vi ser på Israel som ein okkupant som er å samanlikne med apartheidregimet i Sør-Afrika, seier Torill Skjærseth, fylkestingsrepresentant for RV.

Fleire ungdomsorganisasjonar og parti på venstresida støttar allereie den internasjonale boikottaksjonen. I vår vedtok Studentersamfundet i Trondheim å slutte seg til boikotten.

- No kan ikkje fylkeskommunen kjøpe varer frå Israel. Men først og fremst skal vi drive holdningsarbeid og prøve å påvirke innbyggjarane i Sør-Trøndelag til også å boikotte, sier Skjærseth. (©NTB)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy