«Belastande» å jobbe med folk
(NPK):
Ei studie blant 545 førskulelærarar, 512 sjukepleiarar og 525 sosialarbeidarar viser at dei viktigaste føresetnadene for at jobben skal følast meiningsfull er optimisme og engasjement til jobben.
Det blir også nemnt at det ofte er ønskjeleg å bruke mindre tid på administrasjon og meir på barnehagebarn og klientar.
Men undersøkinga viser også at det å jobbe nært på folk heile tida er belastande. Sosialarbeidarar som i stor utstrekning jobbar med klientane har større belastning, er mindre tilfredse i jobben og ser på arbeidet som mindre meiningsfylt enn dei som både har klientarbeid og andre arbeidsoppgåver, viser undersøkinga.
Godt forhold til klientar, tilsette og kollegaer, god kommunikasjon og godt samarbeid er viktig faktorar for personar som jobbar med menneske.
Manglande ressursar, utydelege omorganiseringar og vanskar med å setja grenser gjer at ein ikkje lykkast i jobben, skriv Statens arbeidsmiljøinstitutt som omtalar undersøkinga. (NPK)