Bustadblokk raste saman i New Jersey

Ei bustadblokk kollapsa etter ein gasseksplosjon i New Jersey tysdag. Minst fem menneske blei skadde.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: capitolimpact.com)(Foto: capitolimpact.com)

New York (NTB-Reuters):

Eksplosjonen førde til at det braut ut brann i bygningen, og brannvesenet i Bergensfield, der ulykka skjedde, måtte tilkalle hjelp frå naboområda for å få bukt med flammane.

Ein stor svart røyksky kunne sjåst frå Manhattan, som ligg på den andre sida av Hudson-elva.

Røde Kors sette opp eit hjelpesenter for å ta seg av dei som blei evakuerte frå bygningen, men dei fleste bebuarane var truleg allereie reist på arbeid eller skule.

Gasseksplosjonen kan ha samanheng med at det pågår reparasjonsarbeid i nabolaget.

(©NTB)






Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving

Personvernpolicy