Ny natt med raseopptøyar i Australia

Artikkelen fortsetter under annonsen

For andre natt på rad gjekk ungdomsgjengar berserk i opptøyar som var prega av rasemotsetnader i Australias største by Sydney.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: amadeo.blog.com)(Foto: amadeo.blog.com)

Sydney (NTB-Reuters-DPA):

Fleire gjengar med ungdom med bakgrunn frå Midtausten angreip natt til tysdag folk med baseballkøller, gjorde hærverk på bilar og støtte saman med politiet, etter at dei sjølv var blitt angripne av kvite rasistar natt til måndag.

Opptøyane tok av søndag ettermiddag då rundt 5.000 kvite australiarar gjekk laus på ungdommar av arabisk opphav på Cronulla-stranda mens dei ropte rasistiske slagord.

Sterkt berusa og sinte gjengar med unge, mange av dei med australske flagg, hevda at dei forsvarte stranda si etter at to livreddarar blei angripne i forrige veke. De meiner at gjerningsmennene hadde libanesisk bakgrunn.

Ifølgje politiet var det nynazistar og rasistar som nørde opp under misnøya på Cronulla-stranda slik at det heile utvikla seg til raseopptøyar søndag.

Natt til tysdag slo Sydneys libanesiske ungdommar tilbake. Dei gjekk laus på bilar, overfall forbipasserande og sloss med politiet i fleire av byens forstader. (©NTB)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving