Kneskadd Franck blir undersøkt i dag

Artikkelen fortsetter under annonsen

Daniel Franck vrei kneet under trening før helga og skal undersøkjast på Toppidrettssenteret i dag, måndag.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Oslo (NTB): OL kan vere i fare for 31-åringen, men snøbrettkjørararen er optimistisk.

- Det passar jo aldri med ein skade, men eg satsar på at det skal gå bra, seier Franck til Dagbladet.

I dag skal han gjennomgå ei MR-undersøking i Oslo for å kartleggje skadeomfanget.

Franck trente i canadiske Whistler Mountain, og uhellet skjedde under utføring av eit triks han har gjort mange gonger tidlegare.

- Det rykka til i heile kneet, så då eg landa kasta eg meg framover for å dempe fallet. Eg trente roleg søndag. Kneet kjendest ikkje veldig vondt, men var stivt og litt hovent, seier Franck. (©NTB)



Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving