Lars Mæhle: «Narnia-draumar»

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ei ung jente forsvinn og ein pasient frå ein psykiatrisk institusjon rømmer. Er det nokon samanheng?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Lars Mæhle har begått ei kjenslevar ungdomsbok.Lars Mæhle har begått ei kjenslevar ungdomsbok.

«Narnia-draumar»


Lars Mæhle,
(Det Norske Samlaget, 2005)

Lars Mæhle skriv om eit lite miljø rundt eg-personen Jo. Jo er nett ferdig med ungdomsskulen og sommarferien står for døra, då den yngre systera hans plutseleg blir borte.

Det einaste sporet ho har lagt att etter seg, er e-post-korrespondansen med ein som kallar seg Digory.

Det handlar om dei djupare og mørkare sidene av livet og menneskesjela i «Narnia-draumar». Kor mykje ser me kvarandre, kva veit me om korleis dei me er glade i eigentleg har det, korleis kjennast det å bli avvist? Sjølv om det er djupe og eksistensielle spørsmål som blir tatt opp, så opplever eg dette som ein mild og forsonande roman.

Lars Mæhle skriv enkelt og luftig og brukar mykje dialog. Det kler denne boka og heng godt saman med det meir sjangerlause språket i e-postane som romanen dreier seg rundt.

Referansane til Narnia er berre som eit ytre lag i denne boka. Underteikna har ikkje lese bøkene til C.S. Lewis, men fann ut at det ikkje gjorde noko.

Forlaget meiner «Narnia-draumar» er ein ungdomsroman, og det kan dei nok ha rett i. Eg meiner likevel at dette er ei bok vaksne både bør og kan lese for si eiga glede.

Velskriven, kjenslevar og faktisk litt romantisk er inntrykket eg sit att med etter å ha lese denne 150 sider korte romanen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Fem av seks raude eple til «Narnia-draumar».Fem av seks raude eple til «Narnia-draumar».

No byrjar det kanskje å gå inflasjon i raude eple frå redaksjonen, men det er vel eigentleg berre eit luksusproblem.

Eg finn ikkje noko å utsette på Lars Mæhle si bok «Narnia-draumar» og gir ho derfor fem av seks eple.


Meir litteratur i Neste Klikk:

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Miljø
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv