Samanheng mellom hovudomkrins og hjernekreft

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er funne ein samanheng mellom auka omkrins av hovudet ved fødselen og auka risiko for hjernekreft hos barn.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: ipicturebooks.com)(Foto: ipicturebooks.com)

(NPK): - Det handlar om ein svært liten risiko, difor er det ingen grunn til panikk, seier forskaren Sven Ove Samuelsen ved Folkehelseinstituttet. Han har funne denne samanhengen etter å ha studert over ein million barn gjennom 20 år.

Tidlegare har forskarar funne at babyar som veg mykje ved fødselen har større risiko for kreft i barneåra, spesielt leukemi.

Men for hjernekreft, som utgjer ein like stor del av barnekreft, har ein hittil ikkje sett ein slik samanheng.

- Omkrinsen på hovudet er eit mål som heng saman med storleiken på hjernen. Vi kan tenkja oss at kimen til hjernekreft oppstår alt i fosterlivet. Dermed kan ein kanskje sjå teikn til dette alt ved fødselen, seier Samuelsen, som understrekar at større omkrins på hovudet ikkje er årsaka til hjernekreft, men kanskje eit kjenneteikn.

Det må fleire studium til for å stadfeste at denne samanhengen er eintydig, understrekar Folkehelseinstituttet. (NPK)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving