Omvendt harrytur

Handelsstanden i Rakkestad vil arrangere harrytur for svenskar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Ill: ffk.no)(Ill: ffk.no)

(NPK): Den 16. desember skal den svenske og norske krona vere like mykje verdt.

- Vi har tenkt å prøve oss på ein omvendt harrytur. Vi vil frakte svenskar gratis for å oppleve skikkeleg førjulsstemning her i Noreg, seier marknadsansvarleg i Rakkestad Avis, Bjørnar Strøm, til NRK Østfold.

Den omvendte harryturen er ein reaksjon på at Rakkestad kommune har oppfordra innbyggjarane til å leggje julehandelen til Sverige - då dei trengde fleire påmeldte til ein busstur for eldre til Töcksfors.

Derfor arrangerer handelsstanden no sin eigen tur for svenskar til Rakkestad.

Næringslivet har hatt ei annonse i lokalavisa i Strömstad, og ventar seg mange påmelde. Alle butikkar skal ta ei svensk krone for ei norsk. (NPK)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy