Delar av Göteborg sperra etter minefunn

Store delar av Göteborg blei sperra natt til torsdag, etter at ein fiskebåt lossa det politiet trur er ei mine i fiskerihamna i byen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: germannews.com)(Foto: germannews.com)

Göteborg (NTB-TT):

Politiet reknar med kaos i morgontrafikken, etter at store delar av hamneområdet, bydelane Majorna og Masthugget samt gjennomfartsåra Västerleden er blitt sperra på grunn av eksplosjonsfaren.

Det var uklart når sperringane ville bli heva. Ekspertar frå marinens taktiske kommando var natt til torsdag på veg til Göteborg for å undersøkje mina og finne ut kor stor eksplosjonsfaren er.

Mina er truleg frå 2. verdenskrig.

(©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving





Personvernpolicy