Norsk kjempesatsing på romfart

Noreg går i dei neste fem åra inn med nær ein milliard kroner i nye europeiske romprogram.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: romfart.no)(Foto: romfart.no)

(NPK): Satsinga vil også kome norsk industri til gode, mellom anna gjennom utviklingskontraktar innan teknologi.

Det vart klart på ministermøtet i den europeiske romorganisasjonen ESA i Berlin. Møtet vart avslutta tysdag.

- Den norske satsinga vil skape både arbeidsplassar og betre tenester for norske brukarar av jordobservasjon og telekommunikasjon, seier statssekretær Frode Berge i Nærings- og handelsdepartementet, leiar av den norske delegasjonen i Berlin.

Halvparten av dei 947 millionane går direkte til teknologi- og utviklingsprogram. Resten vil i hovudsak bli brukt til å utvikle mellom anna jordobservasjon, satellittkommunikasjon og navigasjon. Dette er område som er sett på som viktige for Noreg.

- Både Noreg og ESA har grunn til å vere nøgde med eit vellykka ministermøte. For vår del inneber satsinga eit viktig løft i utviklinga av høgteknologi knytt til romfart i Noreg, seier statssekretær Berge. (NPK)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy