Ragnfrid Trohaug: «Landet Alltid Raudt»

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ragnfrid Trohaug har skrive ei bok for og om ungdom med sterke bilete og klar tale.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ny ungdomsroman frå kritikarrost forfattar. (Foto: samlaget.no)Ny ungdomsroman frå kritikarrost forfattar. (Foto: samlaget.no)

«Landet Alltid Raudt»


Ragnfrid Trohaug,
(Det Norske Samlaget, 2005)


Ragnfrid Trohaug hausta mange lovord då ho debuterte med ungdomsromanen «Okkupert kjærleik» i 2000. No har ho begått nok ein ungdomsroman, «Landet Alltid Raudt».

Femteklassingen Bjørn har eit sinne han synest er vanskeleg å styre. Runa går i åttande og er vener med Bjørn, men ho likar ikkje å innrømme det for klassen sin.

Då Bjørn ein dag blir så sint at han forsvinn frå jordas overflate og over i ei anna verd, blir desse to venene sett på nokre kraftige styrkeprøver.

Fantasy


«Landet Alltid Raudt» har fått merkelappen fantasy på seg av forlaget. Denne sjangeren leverer ut store massar av bøker til ungdom for tida, og spesielt Harry Potter har vore med på å løfte sjangeren opp og fram. Berre så det er sagt, denne boka er ikkje Harry Potter, på nokon måte.

Snarare virkar det som at Trohaug har klart å etablere sin eigen stil, og det er mykje takka vere ei enkelt og ujålete fortalt historie. I tillegg er teikningane av Bjørn og Runa, og ikkje minst den verda dei kjem i kontakt med, tydelege og sterke.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Sterke bilete


Her er faktisk ein heil del blodsutgyting, og det må det vere i ei historie kor store slag skal kjempast. Det viktige er likevel at forfattaren har greidd å bruke kjøt som revnar og slag med jernstenger akkurat i rette dosar slik at det aldri tippar over til å bli spekulativt eller vald for valdens eigen skuld.

«Landet Alltid Raudt» er ei ungdomsbok med alle dei gode ingrediensane: vennskap, ekte personar i persongalleriet, friskt språk og mykje, mykje spenning. Boka får derfor fem eple av seks moglege.


Fem av seks raude eple gir me til «Landet Alltid Raudt».Fem av seks raude eple gir me til «Landet Alltid Raudt».


Meir litteratur i Neste Klikk:

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Miljø
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving