Steine sjåførar kan doble faren for dødsulykker

Artikkelen fortsetter under annonsen

Å køyre bil i hasjrus kan doble faren for å forårsake ei dødsulykke, ifølgje franske forskarar. Men alkohol i trafikken er endå farlegare.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Ill: whatsofunny.8m.com)(Ill: whatsofunny.8m.com)

Paris (NTB-AFP-Reuters):

Forskarane undersøkte 10.748 dødsulykker som har funne stad på franske vegar frå oktober 2001 til september 2003.

Fellesnemnaren for alle ulykkene er at det blei utført narkotika- og alkoholtestar på sjåføren etter ulykka.

Rundt 7 prosent av sjåførane hadde brukt hasj, mens 21,4 prosent hadde drukke alkohol. Nesten 3 prosent testa positivt for begge delar.

- Å køyre når ein er påverka av hasj, doblar i gjennomsnitt risikoen for å bli ansvarleg for ei dødsulykke, seier Jean-Louis Martin, ein av forskarane bak prosjektet.

Mykje tydar likevel på at det er mindre farleg å røykje ein joint enn å drikke ein pils før ein set seg bak rattet. Hasj og alkohol er omtrent like utbreidd blant sjåførar, men alkohol er knytt til mange fleire dødsulykker. (©NTB)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving