- Ingen organhandel i Europa

Politi og fagfolk kjenner ikkje til eit einaste tilfelle av barn som er blitt kidnappa til Europa for ulovleg organsal, skriv Aftenposten.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Ill: tell.fll.purdue.edu)(Ill: tell.fll.purdue.edu)

(NTB:) Etter at to kinesiske gutar forsvann frå eit asylmottak i Noreg, har frivillige organisasjonar og leiar Arne Johannessen i Politiets Fellesforbund sagt at desse kunne vere offer for ulovleg organhandel.

No går politi og fagfolk langt i å avkrefte at ulovleg organhandel med barn går føre seg i Europa.

- Det har aldri vore avdekt ulovleg organsal i Noreg. Det har heller ikkje vore nokon slike saker i Skandinavia. Eg kjenner heller ikkje til nokon slike saker frå Europa, seier Torkjel Rygnestad, leiar i utlendingsavsnittet ved Nye Kripos.

Fagfolk i Verdas helseorganisasjon (WHO) har heller aldri vore borti tilfelle av barn som er blitt misbrukte i samband med ulovleg handel med organ i Europa. (©NTB)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Miljø
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy