Dei fleste isbreane minkar

Artikkelen fortsetter under annonsen

16 isbrear har minka sidan hausten 2004, medan fire brear har gått fram.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Glittertind i Aust-Jotunheimen er det nest høgste fjellet i Noreg og Nord-Europa, 2.452 m.o.h. Medrekna isbreen er Glittertind høgare enn snøfrie Galdhøpiggen. I Jotunheimen er dei fleste brear i tilbakegang, og har vore det i lengre tid. (Foto: Hallvard Østrem, NPK)Glittertind i Aust-Jotunheimen er det nest høgste fjellet i Noreg og Nord-Europa, 2.452 m.o.h. Medrekna isbreen er Glittertind høgare enn snøfrie Galdhøpiggen. I Jotunheimen er dei fleste brear i tilbakegang, og har vore det i lengre tid. (Foto: Hallvard Østrem, NPK)

(NPK): Åtte brear endra seg svært lite siste året, går det fram av årlege målingar i NVE-regi.

Dei 28 breane, 24 i Sør-Noreg og fire i Nord-Noreg, blir målt ved det nedste punktet på breen kvart år.

For tre av breane har dette punktet flytta seg mellom 50 og 60 meter sidan i fjor.

Ein av desse, Rembesdalsskåka i Hordaland, har trekt seg attende heile 206 meter sidan år 2000.

- Også året 2005 føyer seg inn i ein lengre trend av minkande storleik på norske isbrear, seier overingeniør Hallgeir Elvehøy i NVE.

- Denne utviklinga starta på slutten av 1990-talet etter ein 10-års periode der mange brear gjekk fram. Vi ser at breane reagerer på endringar i klima. Breane vil truleg ikkje forsvinne, men stabilisere seg på ein mindre storleik enn den vi ser i dag.

På Vestlandet har dei fleste breutløparane frå platåbreane vore i tilbakegang sidan slutten av 1990-talet. Endringane har vore store, som på Briksdalsbreen som gjekk fram nesten 400 meter mellom 1987 og 1996, og som har trekt seg tilbake over 200 meter sidan 1999.

I Jotunheimen er dei fleste brear i tilbakegang, og har vore det i lengre tid. Det finst nokre unntak som har hatt framstøyt på 1990-talet, som Storgjuvbreen, Bøverbreen og Svellnosbreen.

I Nord-Noreg har dei målte breane trekt seg attende 100-200 m sidan 1998. Det ser ut til at dei aller fleste brear i Nord-Noreg er i tilbakegang, og at dei fleste har vore i tilbakegang i lang tid.

Unntaka er nokre brear i Nordland som Engabreen og Fonndalsbreen (Svartisen), ein brearm frå Okstindbreen og ein brearm frå Blåmannsisen som har hatt framstøyt. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Miljø
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving