Genane bestemmer uansett

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein treåring som er 107 cm høg og veier 44 kilo? Kva er det som feiler han? Er foreldra uvitne og guten lat?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dag Undlien blei nominert til Brageprisen for boka si, som han meiner angår oss alle. (Foto: Aschehoug)Dag Undlien blei nominert til Brageprisen for boka si, som han meiner angår oss alle. (Foto: Aschehoug)

Nei, det er genane som har skylda for treåringen Isak sin apetitt, som er så stor at foreldra må låse døra til kjøkkenet.

Isak er eit av menneska ein møter i boka «Din uNike Arv» av Dag Undlien, som kom ut på Aschehoug no i haust. Undlien er professor i medisinsk genetikk ved Ullevål universitetssykehus.

Bragenominert


Undlien blei nominert til Brageprisen for boka, som blant anna tek for seg tema som helsemoralisme, åtferd, livsstilsproblematikk og overvekt.

- Vi går alle rundt med ulike oppfatningar om at «berre eg trenar blir eg slank», og at «eg blir feit av å ete kake», seier Undlien i eit intervju med forskning.no.

- Men når det gjeld overvekt er veldig mykje bestemt av arven vår, antakeleg er 70 prosent av variasjonane i kroppsvekta i befolkninga genetisk bestemt, fortset han i intervjuet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Undlien vil gjerne at alle skal lese boka han har skrive, for DNA, helse og behandling er noko som angår alle menneske. Men han trur at særleg helsepersonell vil ha nytte av Din uNike Arv.

Rivande utvikling


Utviklinga innan medisinsk genitikk er i ei rivande utvikling. Den nye kunnskapen om genene våre er i ferd med å revolusjonere tilnærminga vår til sjukdom.

Kunnskapskløft


Undlien fryktar at den rasande utviklinga i forskinga skaper ei kunnskapskløft mellom forskarane og utøvande medisinarar.

- Forskarane snakkar sitt eige stammespråk som gjer det vanskeleg å få omsett ny kunnskap til reell nytte for pasientane, seier Undlien til forskning.no.



ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Miljø
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving