- Noreg er ein bananrepublikk

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Det er vanskelegare å eksportere til Noreg enn til India, Taiwan og Japan, hevdar danske næringslivsfolk i ei undersøking.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: meervegen.com)(Foto: meervegen.com)

(NPK): - Noreg er ein bananrepublikk, konkluderer Berlingske Tidende i ein kommentar.

Det er berre Kina som er verre enn Noreg, hevdar danskane i ei undersøking utført av Dansk Handel & Service. I Kina er handelshindringane enno større. Tredjeplassen gjekk til India.

Denne «verstinglista» får støtte gjennom ei annan undersøking der 25 prosent av danske bedrifter som gjerne vil eksportere varer til Noreg møter hindringar og særreglar.

Berlingske brukar som eksempel kva som skjedde då dei 15 år gamle reglane for Feta-ost vart endra. Då vart det toll både på osten og på saltlaken i glaset.

Etter at toll og avgifter vart lagt på prisen rasa salet med 25 prosent på den dyre, danske Feta-osten. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Miljø
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving