Luftgitaristanes våte rockedraum

Artikkelen fortsetter under annonsen

Potensielle rockekongar kan endeleg vrengje ut sine eigne endelause gitarsoloar, utan nokosinne å ha spelt på eit verkeleg instrument.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: adria.garcia.name)(Foto: adria.garcia.name)

(NPK): Takka vere ein gjeng finske datastudentar er dagen og timen no moden for dei fleste og beste, nemleg luftgitaristane.

«The Virtual Air Guitar project» som er utvikla ved Universitetet i Helsinki, hjelper til med å leggje verkeleg gitarlyd til kjenslevare og intense luftgitarsoloar.

Ei datamaskin overvakar høgre handa di og tolkar korleis du brukar den, medan programmet nyttar desse opplysningane til å leggje riff og melodiliner som er synkroniserte med den elegante og frapperande fingerteknikken på venstre handa der du kjæler med halsen på luftgitaren din.

Ved å reagere momentant på eit breitt register av hand- og fingerrørsler, kan programmet omskape sjølv den mest umusikalske og talentlause til ein hårreisande gitarvirtuos.

Aki Kanerva, Juha Laitinen og Teemu Mäki-Patola fekk ideen då dei skulle velje ei praktisk oppgåve for semesteret. - Det første som fall oss inn var luftgitar, seier Kanerva til New Scientist.

Alt du treng er altså eit videokamera og ei datamaskin kopla til eit par skikkelege høgtalarar med trøkk i.

Oppfinnarene er no i full gang med å lage første versjon av forbrukarprogramvare som kan kjøpast i butikken og riggast opp heime på soverommet.

Luftgitarprosjektet blir demonstrert på Heureka Science Center i Finland der meir enn 5.000 luftgitaristar har vore i aksjon siste månaden. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Miljø
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving