«To fulle menn» best gjennom alle tider

Artikkelen fortsetter under annonsen

«To fulle menn» med gruppa Jokke og Valentinerne er kåra til den beste norske rockelåt gjennom alle tider av redaksjonane i NRK Petre og Spirit.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: Jokke.nu)(Foto: Jokke.nu)

(NPK): Ein god nummer to er «Splitter pine» med DumDum Boys og nummer tre er «Get it on» med Turboneger.

Jokke og Valentinerne med den avlidne rockepoeten Joachim Nielsen hadde elles heile tre låtar inne blant dei 20 beste på lista.

Ifølgje nettstaden Ballade.no skal det ha vore om lag 30.000 som gav si stemme i kåringa, og det var 100 låtar i velje mellom, alle saman spesielt utplukka av Petre og magasinet Spirit.

Interessant er det elles å merke seg at omgrepet «gjennom alle tider» eller «tidenes beste» i Petre og Spirit-redaksjonane har eit tidsperspektiv som strekkjer seg heilt attende til 1980. (NPK)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Miljø
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving