Noreg får overvakingsfly utan pilot

Artikkelen fortsetter under annonsen

Noreg er eit av dei siste Nato-landa utan ubemanna overvakingsfly. Men no kjem vi etter.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: opentopia.com)(Foto: opentopia.com)

(NPK): Dersom alt går etter planen, vert det sendt ut anbodsspesifikasjonar på ubemanna overvakingsfly rett etter nyttår.

Flya vert også kalla droner eller UAV-ar (Unmanned Aerial Vehicle).

Flya vil vere ein viktig del av moderniseringa av Forsvaret.

- Ubemanna overvakingsfly har etter kvart blitt nødvendig dersom vi vil vere på høgde med oppgraderinga som skjer i andre land, seier forsvarsanalytikar John Berg til Newswire.

UAV har same funksjon som vanlege overvakingsfly, men utan at livet til pilotar vert sett på spel i farlege situasjonar eller i utsette område.

Dei største strategiske UAV-ane kan vere i lufta i meir enn 30 timar i strekk. Flya kan enten førehandsprogrammerast eller fjernstyrast frå bakken. Dei kan gi nøyaktige måleposisjonar og sende sanntidsvideo. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Miljø
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving