Erna Osland: «Perfekte par»

Alle treng nokon å vere glad i, men korleis finn ein dei? Det gjeld å vere open for moglegheitene livet byr på.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Brennande, umogleg kjærleik.Brennande, umogleg kjærleik.

«Perfekte par»


Erna Osland,
(Det Norske Samlaget, 2005)

Bak den slåande tittelen «Perfekte par» skjular det seg ei bok som handlar om brennande, og for det meste umogleg, kjærleik.

Dei som aldri kranglar


Det perfekte paret er ein klisjé vi bruker om dei som passar så godt i lag at vi blir heilt dårlege.

Dei som er like fine, like kloke, like snille og greie og hjelpsame mot kvarandre. Det perfekte paret kranglar aldri, kjem aldri for seint til noko og aldri har dei holete klede.

Dei perfekte para i Erna Osland si bok er ikkje riktig så perfekte, sett utanfrå. Det manglar ikkje på kritikk heller, frå forståsegpåarane rundt dei.

Men inne i hovudet til minst ein av dei involverte i kvart par er dei to som skapte for kvarandre.

Padda og ormen


Ei mus elskar ein berømt dansar, ei padde elskar ein orm, ein frå Måløy elskar ei jente frå Bremanger, og ein hare elskar både ei mus, ein elg og ein anna hare på ein gong. Dette kan jo ikkje gå, ingen av desse kan bli lukkelege!

Som i både fablane til Æsop og i H.C. Andersen sine eventyr, og i Andeby, så er det oss sjølve vi ser gjennom ting og dyr. Men tinga og dyra insisterer på livet sitt, og på kjærleiken dei føler. Og dei lever sterke liv der dei føler sterkt.

Erna Osland undersøkjer kjærleiken frå forskjellige vinklar, historiene kan vere søte, men inneheld óg mykje liding, og det ender nesten aldri i ein klassisk lykkeleg slutt.

Hjarteskjerande

Det er rørande, opprivande og hjarteskjerande kjærleik dette. Slik kjærleiken er, og ikkje slik klisjeen perfekte par opptrer i amerikansk film og i fantasien vår.

Erna Osland har skrive ei rekkje bøker for barn og unge før, og det har ho hausta mykje ros for. Blant anna var ho i fjor den første barne- og ungdomsbokforfattaren som blei utnemnt til festspilldiktar under festspela i Bergen.

Det einaste eg har å utsetje på denne boka, er at eg ikkje blei heilt riven med då eg las ho. Det kan ha noko med at forteljingane er korte, og at eg er ein lesar som best liker å gå lengre inn, som ein kan i lengre forteljingar.

Fire av seks moglege eple til «Perfekte Par» av Erna Osland.Fire av seks moglege eple til «Perfekte Par» av Erna Osland.

Eg veit ikkje om «Perfekte Par» er meint å vere ei ungdomsbok, men det er ikkje så farleg. Dette er fine, sterke eventyr, som kan lesast av alle som har vore glad i nokon.

Meir litteratur i Neste Klikk:

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Miljø
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus