Drit i litteraturen

Artikkelen fortsetter under annonsen

«Drit i litteraturen» er temaet for det første nummeret av «Kraftsentrum». Gunhild Øyehaug og Olaug Nilsen er redaktørar for dette nye litteraturtidsskriftet, som blir utgitt av Damm forlag.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kraftsentrum er eit friskt og artig nytt tidsskrift.Kraftsentrum er eit friskt og artig nytt tidsskrift.

Det nye tidsskriftet skin i gull, og har eit freistande design. Redaktørane har sagt at dei ønskjer at Kraftsentrum skal vere noko midt i mellom litteraturtidsskriftet Vagant og vekebladet Allers.

Ein finn litt lettare stoff mellom det meir seriøse, og tonen er meir ironisk og skøyaraktig enn ein er van med i tidsskrift.

Fullt av drit


Det første nummeret er delt opp i to delar, og den første, temadelen, er sjølvsagt full av drit. Temaet er utbrodert i tekst og teikningar.

Ragnar Hovland skriv om det vulgære i romanane til Ragnar Hovland, Øystein Vidnes og Jon Øystein Flink fortel om kva rolle driten spelar i litteraturen deira.


Kroppslege titlar


«Kva meinte du med tittelen?» er ei spalte der dei to redaktørane denne gongen har grove fram dei meir kroppslege boktitlane, og spør forfattarane bak kvifor tittelen blei akkurat slik.

Den andre delen inneheld ikkje så mykje drit, men mellom mykje anna spalta «Tenk over», der det ein skal tenkje over denne gongen er likskapen mellom Jon Michelet og Joni Mitchell! Originalt er det i alle fall.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Lett blanding


Kraftsentrum byr på ei lett blanding av lett og tungt, av moro og alvor. Viss du er interessert i å lese ikkje berre bøker, men også om litteratur, og er litt avskrekka av Vagant, kan det vere at dette er staden å byrje.

Løp og kjøp!

Meir om Kraftsentrum her.


Meir litteratur i Neste Klikk:

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Miljø
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving