Vil redde regnskogen mot betaling

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei ti medlemslanda i regnskogskoalisjonen seier dei vil redde regnskogane viss den rike delen av verda er villig til å betale for det.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: home.swipnet.se)(Foto: home.swipnet.se)

Montreal (NTB): Koalisjonen blir leia av Papua New Guinea og Costa Rica og kjem til å leggje fram forslaget under FN sin klimakonferanse i Montreal, ifølge den britiske avisen The Independent.

Regnskogskoalisjonen meiner at resten av verda nyt godt av regnskogane utan å betale sin del av bevaringskostnadene.

Landa påpeikar at tømmer er ein av ytterst få naturressursar dei har og at avskoging er den einaste realistiske vegen til økonomisk vekst.

Denne situasjonen kallar regnskogskoalisjon ei oppskrift på katastrofe som berre kan bli endra visa rike land er villige til å punge ut.

Koalisjonen foreslår derfor at høyforurensingsland kjøper utslippskvotar frå land som kan bevise at dei har bevart regnskogsområde.

To uavhengige organ skal kontrollere at regnskogane verkeleg blir tekne vare på. Den amerikanske økonomen Joseph Stiglitz støttar forslaget.

- Desse landa har over lang tid forsynt verda med eit livsviktig offentleg gode, seier Stiglitz til The Independent. (©NTB)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Miljø
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving