Åpen for alle - alltid

Hormonbehandling som straff

Artikkelen fortsetter under annonsen

I Dubai blei nyleg 22 homofile arresterte då politiet storma ein fest.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Gatebilete frå Dubai. (Foto: edwebproject.org)Gatebilete frå Dubai. (Foto: edwebproject.org)

Dei arresterte kan risikere fem år i fengsel, pisking, og å bli tvangsbehandla med mannlege hormon.

Forbode


Det er forbode å vere open homofil i dei Foreinte arabiske emiratane.

Mennene vil truleg bli tiltalte etter paragrafar i den islamske loven som handlar om prostitusjon og utroskap, seier ein talsmann for innenriksdepartementet til nyheitsbyrået AP, i følgje aftenposten.no.

Styresmaktene i sjeikdømet seier et festen var eit massebryllup for homofile, og framheld at halvparten av deltakarane hadde på seg kvinneklede.


Fleire aksjonar


Det har vore fleire aksjonar mot homofile miljø i emiratane i det siste. Minister for justis og islam, Mohammed bin Nukhaira Al Dhahiri, kom fredag med ei åtvaring til alle foreldra i staten, og oppfordra dei til å vere på vakt mot det han kalla «avvikande åtferd» hos barna sine.

- Det er ikkje rom for homofile handlingar i dei Foreinte arabiske emiratane, uttalte ministeren til avisa Khaleej Times.


Leia bort frå homofil livsstil


Dei 22 som blei arresterte blir evaluerte av psykologar. I følgje innenriksdepartementet vil ein «prøve å leie mennene bort frå homofil livsstil», og dei bekrefter at behandling med mannlege hormon er eit av alternativa for å få dette til.

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Miljø
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving