Det er ikkje jul enno

Artikkelen fortsetter under annonsen

No er det advent. Ordet betyr «kome», og vi ventar på noko som kjem. Og den som skal kome, er jo Jesus. Men trur vi på han?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er koseleg å tenne lys uansett kva ein trur på.(Foto: bioresurs.uu.se)Det er koseleg å tenne lys uansett kva ein trur på.(Foto: bioresurs.uu.se)

Jula er jo ein sterk tradisjon også for den meir ugudelege delen av folket. Jau, då er det pinnekjøtet som skal kome, og familiegjenforeninga, pakkane, den nye julekjolen og ikkje minst eit par ekstra fridagar.

Litt gudelegare


Forresten blir vi jo gjerne litt gudelegare akkurat i jula, det er då kyrkja har best oppmøte i alle fall. Og alle julesongane, dei syng vi jo, sjølv om dei handlar om Jesus.

Det er ei fin histore, om Josef og Maria, engelen Gabriel, hyrdane, dei tre vismennene, og sjølve hovudpersonen: Jesusbarnet. Og det er kanskje ikkje så farleg om vi verkeleg trur, så lenge det er tradisjon.

Ei luke om dagen


No er i alle fall nedtellinga i gang. Det første adventslyset er tent, og snart kan vi opne adventskalendrane, ei luke om dagen. Det er ikkje lov å tjuvopne, hugs det!

Advent er også tida for å kjøpe eller lage ting å gi bort, pakke inn pakkar (det går an å byrje før julaften, ja) gjere klar finstasen til julaftan, lage julemat og bakst og godteri…

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Julespel


Har du fått opp adventsstjerna? (Foto: klap.net)Har du fått opp adventsstjerna? (Foto: klap.net)

På skulane blir det øvt på julespel. Eit julespel treng ikkje handle om Jesus. Men det er no stas å bli utkledt som engel, eller sjølvaste jomfru Maria. Ikkje fullt så artig, kanskje, å spele eselet.

Det er ialle fall ikkje lett å sleppe unna jula, viss ein oppheld seg i eit vestleg land.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Koseleg


Det er no uansett, Jesus eller ikkje Jesus, koseleg med ein fest midt på vinteren. Og god mat og helsingar frå vener og kjende. Og mens vi ventar på høgtida tenner vi lys, gjerne lilla, og heng stjerner i vindauga.

Inger Hagerup sine adventsvers er religionsnøytrale, ho fokuserer på lengsel, glede, håp og fred. Og det er vel noko alle ønskjer seg til jul.

«Så tenner vi et lys i kveld
vi tenner det for glede.
Det står og skinner for seg selv
og oss som er tilstede.
Så tenner vi et lys i kveld,
vi tenner det for glede.»


Enkel adventsfeiring


Viss du ikkje har adventsstake, men har litt lyst til å sjå tende lys, så kan sjølvsagt også dette ordnast på nettet:

Adventslys på nettet




ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Miljø
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving