Misbruk fører til auka schizofreni

Artikkelen fortsetter under annonsen

Barn som har vorte utsett for vald eller sexmisbruk har mange gonger så stor risiko for å utvikle psykosar og schizofreni seinare i livet enn andre, viser ei ny undersøking.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Ill: thebrooksgallery.com)(Ill: thebrooksgallery.com)

(NPK): Ein av forskarane bak undersøkinga, professor John Read, meiner at resultata er så markante at ein bør revidere teorien om at menneske skal ha ein særleg genetisk disposisjon for å utvikle schizofreni.

Read skuldar psykiatrien og medisinindustrien for å undertrykkje den vitskaplege dokumentasjonen av den sterke verknaden av omsorgssvikt, vald og andre sosiale forhold i utviklinga av psykiske sjukdommar.

- Den genetiske komponenten i schizofreni har vorte massivt overdrive dei siste tiåra. Ein treng ikkje ein genetisk disposisjon for å bli sjuk av stress og overgrep, seier John Read til Jyllands-Posten.

Undersøkinga syner at blant vaksne psykotiske folk har nesten 70 prosent av kvinnene og 60 prosent av mennene opplevd vald eller seksuelle overgrep i barndommen. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Miljø
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving