Jaktar på ny suksessforfattar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Heile det norske folket blir inviterte til å delta i skrivekonkurransen «Norge Skriver».

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: villakakelbont.be)(Foto: villakakelbont.be)

(NPK): Forfattaren Unni Lindell skal vurdere bidraga, og dei beste historiene blir publisert i ei bok som skal koma i sal hos Narvesen.

Det ambisiøse målet er å finne fram til den nye store norske forfattaren.

Det er forlaget Aschehoug som samarbeider med Narvesen om skrivekonkurransen, som skal bidra til gode lesevanar, skape engasjement og altså medverke til at Aschehoug finn fram til den neste norske suksessforfattaren.

Det er ønskjeleg med forteljingar på 5-15 sider som fortel om det spanande eller fantastiske der ein kanskje ikkje trudde at det fanst, om det livsviktige eller tilsynelatande trivielle.

I første omgang skal det kårast fem regionale vinnarar i Nord-, Midt-, Vest-, Sør- og Aust-Noreg som får 10.000 kroner kvar i honorar.

Blant desse blir det kåra ein landsvinnar som får 50.000 kroner. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Miljø
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving