Greier du å ikkje kjøpe noko?

Artikkelen fortsetter under annonsen

Laurdag 26. november vert «verdas kjøpefrie dag» markert i 40 land, som ein protest mot overforbruket i den vestlege verda.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kva er lyden av eit avslått kassaapparat? (Foto: Framtiden i våre hender.)Kva er lyden av eit avslått kassaapparat? (Foto: Framtiden i våre hender.)

Den siste laurdagen i november kvart år er det verdas kjøpefrie dag, eller «buy nothing day», som det heiter på engelsk.

Starta i Canada


Verdas kjøpefrie dag er ei internasjonal markering mot den ville veksten i forbruket i den vestlege verda. Det starta i Canada i 1992, og har no spreidd seg til 40 land.

Denne laurdagen, når julehandelen set i gang for alvor, er ei rekkje organisasjonar med på å markere at det kanskje er betre ting å bruke pengene på enn å ta heilt av før jul.


Buddhistar i nissedrakt


I Noreg er 13 organisasjonar med på årets markering. På markeringa i hovudstaden skal blant anna Nettverk av engasjerte buddhistar meditere i nissedrakter på Stortingsplassen som ein reaksjon på handlemaset.

Mediterande buddhist-nissar på markeringa i fjor. (Foto: Framtiden i våre hender.)Mediterande buddhist-nissar på markeringa i fjor. (Foto: Framtiden i våre hender.)

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Organisasjonen Framtiden i våre hender skal dele ut grøne gåvekort og vere shoppingpoliti. Dei skal få folk til å blåse for å finne ut om dei er «shopoholikarar».


Meiningslaust


Det er meiningslaust og øydeleggjande å fortsetje forbruksveksten, skriv Framtiden i våre hender på nettsidene sine i samband med markeringa.

I tillegg til Framtiden i våre hender og Nettverk av engasjerte buddhistar er Adbusters, AUF, Senterungdommen, Unge Venstre, KrFU, Grønn Ungdom, Changemaker, Spire, Oslo kristne studentforbund, Blekkulf og Grønn hverdag med på markeringa.

Det er niande gongen verdas kjøpefrie dag blir arrangert i Noreg.

Les meir på nettet:

ABC Startsida:




Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Miljø
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving