Nisseturistar skaper forseinkingar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Hordar med britiske nisseturistar på veg til Finland vil truleg skape forseinkingar i den norske flytrafikken i jula.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: santacollectors.com)(Foto: santacollectors.com)

Oslo (NTB): I desember vil opptil 25 nissefly i timen okkupere norsk luftrom.

Kvart år tek finske Rovaniemi imot 400.000 utanlandske gjester, og 90 prosent av dei er britar som flyr over Sør-Noreg, melder Bergens Tidende.

- Det blir eit massivt tog av fly. Fenomenet er ganske spesielt. Nisseflya legg til tider beslag på ein stor del av kapasiteten, seier kommunikasjonsdirektør Ove Narvesen i Avinor. Han seier nissetrafikken er så stor at den legg restriksjonar på den norske flytrafikken.

- På dei mest utsette tidene på føremiddagen og kvelden kan ekstratrafikken føre til forseinkingar i den øvrige flytrafikken på inntil ein halvtime, seier informasjonssjef Jo Kobro ved Oslo Lufthavn.

Turiststraumen til nissebyen Rovaniemi er blitt så stor at Avinor har sett seg nøydd til å informere Samferdsledepartementet om fenomenet. (©NTB)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving