Ventemottak klart på nyåret

Artikkelen fortsetter under annonsen

Regjeringa vil no opprette eit eige ventemottak for asylsøkjarar som har mista butilbodet i asylmottak på grunn av avslag på asylsøknaden.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: UDI)(Foto: UDI)

(NPK): Mottaket blir lagt til Lier kommune i Buskerud.

Ventemottaket vil truleg stå klart på nyåret.

Fram til mottaket er på plass skal ingen bli kasta ut av dei ordinære mottaka, melder Utlendingsdirektoratet.

Alle asylsøkjarar som framleis er i Noreg vil bli bydd kost og losji i statlege mottak.

Personar som alt har flytta ut av mottaka, skal få høve til å bu i eit asylmottak i tida fram til ventemottaket opnar.

Ventemottaket, som vil ha plass til 100 personar, skal vere et ope og frivillig butilbod til personar som har mista tilbodet i asylmottak etter avslag på søknaden om asyl.

Det er først og fremst personar som politiet har problem med å transportere ut av landet, og som ikkje samarbeidar om retur, som får tilbod om å bu på dette mottaket. UDI påpeiker at desse personane oppheld seg ulovleg i landet.

Bebuarane skal få informasjon om returordningar og det blir sett i gang tiltak for å fremme motivasjon, ifølgje direktoratet. Mottaket skal ha ein nøktern standard med enkel forpleiing. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving