Ordføraren fekk ikkje vera med

Artikkelen fortsetter under annonsen

At ordføraren ikkje alltid har den høgste stjerna i kommunen er ingen løyndom.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ordføraren på Stord, Magne Rommetveit, kom seg ikkje heim heilt utan vidare. (Foto: Stord Kommune)Ordføraren på Stord, Magne Rommetveit, kom seg ikkje heim heilt utan vidare. (Foto: Stord Kommune)

Men at det går så langt at den lokale transportøren ikkje vil føra den fremste folkevalde med seg heim er ikkje vanleg kost.

Nyleg var ordføraren på Stord, Magne Rommetveit på reise. På vegen heim ville han ta drosje frå snøggbåtkaia på Stord og heim.

Sprang etter


Rommetveit slengte veska og paraplyen i baksetet på drosjen, lukka døra og gjekk rundt bilen for å setja seg inn framme. Då køyrde sjåføren, og ordføraren stod att på kaia.

Rommetveit la på sprang etter drosjen og klarte å dunka i bakruta på bilen for å gjera det klart for sjåføren at passasjeren faktisk var på utsida av drosjen.

Skal berre


Dunkinga hjalp lite, og bilen akselererte bortetter vegen. Ordføraren var framleis utanfor bilen, og neste steg vart å kalla opp sjåføren over radio.

Og svaret var kanskje som venta; Sjåføren sa at han straks skulle vera tilbake. Men, forklarte han, først skulle han berre køyra ordføraren heim.

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving