Snusen overtek for røyken

Artikkelen fortsetter under annonsen

Finnmark har flest røykjande ungdommar samanlikna med andre fylke, og Nordland ligg lågast på denne statistikken.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Snusen ser ut til å ha teke over for røyken blant ungdom i Nordland, viser ei undersøking som Folkehelseinstituttet har gjort blant 16-åringar. (Foto: Anders Malm, NPK)Snusen ser ut til å ha teke over for røyken blant ungdom i Nordland, viser ei undersøking som Folkehelseinstituttet har gjort blant 16-åringar. (Foto: Anders Malm, NPK)

Av Inger Robøle Kristiansen, NPK

Osloungdommar drikk oftast alkohol. Nordland og Troms er dei fylka der både jenter og gutar brukar mest snus.

Gutar både i sør og nord drikk meir brus enn jentene, og det er den sukkerhaldige brusen som renn mest unna.

Snusen tek over

Når det gjeld ungdommen i Nordland kan det sjå ut til at snusen har overteke for røykinga.

Nordland og Troms er dei fylka der både jenter og gutar brukar mest snus, viser desse undersøkingane som Folkeinstituttet står bak.

Undersøkinga av 16-åringar vart utført i Oslo, Oppland og Hedmark i 2000-2002, i Finnmark og Troms i 2003 og i Nordland våren 2004. Undersøkingane i dei tre nordlegaste fylka er gjort i samarbeid med Senter for samisk helseforsking.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ungdommane har svara på spørsmål om høgde og vekt, fysisk aktivitet, brusdrikking, alkoholvanar og oppfatninga av eiga helse.

Tunge og fornøgde

Den gjennomsnittlege kroppsvekta i forhold til høgda var noko høgare i Nord-Noreg enn i fylka lenger sør. Men ungdommane i nord var like fornøgde med vekta si som ungdommane i sør.

Gutane i nord syntest at det å vega for lite var eit like stort problem som det å vega for mykje. Ein av fem meiner at dei veg for lite, og omtrent like mange synest at dei veg for mykje. Blant jentene var seks av ti misnøgde med vekta si.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Fleire gutar enn jenter opplyste at dei drikk mykje brus. Berre tre til fem prosent av jentene seier det same. Og brus utan sukker går det lite av. Nesten 70 prosent av brusdrikkarane opplyste at dei sjeldan eller aldri drikk lettbrus.

Osloungdommar drikk oftast

På spørsmålet om 16-åringane hadde drukke alkohol nokon gong, kom dei fleste ja-svara frå hedemarksungdomane, og færrast frå Oslo. Det siste har truleg samanheng med at cirka ein firedel av ungdommane som deltok i Oslo-undersøkinga er av utanlandsk opphav, og mange av dei drikk ikkje alkohol.

Artikkelen fortsetter under annonsen

På spørsmål om kor ofte ungdommane drikk, var det flest Osloungdommar som svara at dei drikk alkohol kvar helg eller oftare. Dette er minst vanleg i Finnmark av dei fylka som no er undersøkt.
Nordland er det einaste av dei seks fylka der fleire jenter enn gutar opplyser at dei drikk alkohol kvar veke eller oftare.

- God helse

90 prosent av ungdommane vurderer helsa si som god. Blant jentene varierer det rett nok litt, men mellom 85 og 90 prosent av dei seier at helsa er god.

Ungdom i Nordland er mindre plaga av hovudpine og magesmerter enn ungdom i fleire av dei andre fylka. Men 64 prosent av jentene opplyser at dei hadde vore plaga av hovudpine og 40 prosent av magesmerter. For gutane var tala langt lågare, høvesvis 38 og 14 prosent.

Aldri andpustne

Totalt sett var over ti prosent av ungdommane i dei seks fylka inaktive; 10 prosent av gutane og 13 prosent av jentene. Det vil seia at dei ikkje driv med noko som helst form for idrett eller mosjon som gjer dei litt andpustne så lang som veka er. Nordland og Oppland har flest inaktive gutar og Finnmark og Nordland flest inaktive jenter.

Samla sett for fylka sit 23 prosent av gutane og 14 prosent av jentene fem timar eller meir framfor skjermen. Gutane i Troms og Finnmark og jenter i Nordland brukar skjermen mest. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving