Tjuvfiske av hummar
(NPK): Men no vil både kystvakta og politiet slå kloa i tjuvfiskarane, skriv Østlandets Blad på Ski i Akershus.
- Ulovleg hummarfiske er jo eit bevis på at det kan løne seg å vera kjeltring, seier operasjonsoffiser i Kystvaktskvadronen sør, Håkon Engvik, til avisa.
Kystvakta har i løpet av året avdekt fleire tilfelle av ulovleg hummarfiske i Oslofjorden. Engvik reagerer særleg på den høge kiloprisen på 2000 kroner i fredingstida.
- Fleire vi har snakka med stadfestar at dette er kiloprisen. Dersom det stemmer, kan det gje ein svært høg vinst som igjen kan føre til organisert verksemd der fleire hundre teiner blir sett ut for å fange hummar i fredingstida, seier Engvik. Han meiner at folk er villige til å betala 2000 kroner for ein hummar eller to.
Det meste handlar om tilbod og etterspurnad, og i fredingstida er hummaren ei ettertrakta vare som blir selt både til hyttefolk og restaurantar.
Men neste år må fiskarane truleg trekkje frå utgifter til bøter i den gode rekneskapen, for då skal politiet og kystvakta gå saman om å ta tjuvfiskarane. (NPK)