Edmund Austigard: «Krinsereglane»

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ver-varsom-plakat for kulturkritikarar: Pass deg for å skape skyhøge forventningar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Humor og galenskap i Edmund Austigard sin debutroman.Humor og galenskap i Edmund Austigard sin debutroman.

«Krinsereglane»


Edmund Austigard,
(Det Norske Samlaget, 2005)

Ta Lars Ove Seljestad. Lenge før boka «Blind» kom i butikkhyllene høyrde me at Seljestad definitivt var årets debutant, og då trudde me etterkvart på det.

Forventningane blei sjølvsagt deretter, og det var nokså slemt gjort mot ei stakkars bok.

Kven er årets debutant?


Kva så, når alle hurrarop har lagt seg og ein høyrer «gløym Seljestad, for no har me verkeleg oppdaga årets debutant, og han heiter Edmund Austigard»...



«

Blind»

eller «

Krinsereglane»?


Sjølv syntest eg denne problemstillinga var vanskeleg då eg byrja å lese om Austigards debutroman «Krinsereglane».

Kor skyhøge blir ikkje forventningane til ei bok når du digga Seljestad si bok «Blind»?

Forventningspress


Men er så boka enno betre enn Blind og truleg årets morosamaste bok? Etter at eg leste dei to første kapitla, hadde eg enno ikkje fått denne kjensla av å halda i den kanonaden av ei bok som eg forventa at eg skulle få.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Så eg la ho frå meg litt, for å få lagt forventningane og skrøytet ned i nattbordsskuffa.


Krumspring som krev


«Krinsereglane» er nemleg ei bok du ikkje bør lese med hovudet fullt av andre tankar. Så enkel er ho ikkje.

Språket i denne boka spring og myldrar, dansar og virvlar og oppfører seg tidvis som eit lam slept ut på vårbeite. Eg trur Austigard må ha hatt det gyseleg morosamt medan han skreiv denne boka.


Årdal anno 1925


Historiene står såleis i stil med språket. Sjølv om hendinga er lagt til det trauste bondelandet i Ryfylke på 1920-talet, er det lite slit og mørkemannsliv, skjønt emna han dekkjer er alvorlege nok.

Boka dreier seg om livet i bygda Årdal, om brørne på Bønarflåt og familien deira, om naboar, omgangsformer, konfliktar og små og store utfordringar som oppstår når samfunnet må ta inn over seg endringar utanfrå.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Meir enn ein kaffi


For når dei plutseleg får to kaffisortar i staden for ein, så står bygda framfor ei utfordring av dimensjonar. Likare blir det ikkje då deler av bygda smuglar inn nye mekaniske landbruksreiskapar natterstider, ved innføringa i fotballsporten eller når ein amerikansk journalist kjem til bygda for å skrive om dei.

Eg-personen i boka søv aldri om nettene, og utviklar det doktoren kallar varmgong i hovudet fordi tankane hans heller aldri kviler. Tankane krinsar nettopp rundt mekanismane, «krinsereglane», som styrer samfunnet han lever i.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Varmgong i skallen


Det er nettopp her at boka utfordrar mest, etter mi meining. Ein må følgje svinaktig godt med for å få med seg alle vendingar og krumspring tankane til eg-personen gjer. Samstundes blir du utfordra ved at forteljaren og den amerikanske journalisten etterkvart ser ut til å ha ein samanfallande agenda.

Spenstige greier, dette, og etterkvart forstår eg godt den begeistringa som boka har blitt møtt med. Dette er leik og leven og djup realisme spreidd over vel 300 sider.

Er du ordentlig skjerpa, vil du få deg ei knakande god lesaroppleving og meir enn ein riktig god lått.

Fire og eit kvartspist av seks moglege eple til Edmund Austigard og «Krinsereglane».Fire og eit kvartspist av seks moglege eple til Edmund Austigard og «Krinsereglane».




Meir litteratur i Neste Klikk:

ABC Startsida:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Nett og teknologi
Nyhende
Næringsliv
Reise og oppleving