Internettkamera redda liv

Artikkelen fortsetter under annonsen

Eit internettkamera heime i stova redda truleg livet til kunstnaren Karin Jordal (69) frå Bergen, etter at ho kollapsa i sin eigen heim i USA torsdag morgon.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: atmancomputer.com)(Foto: atmancomputer.com)

Bergen (NTB): Kameraet gjer det mogleg å sjå stova til Jordal frå datamaskiner verda over.

- Eg takkar kameraet og sønene mine for livet, seier Karin Jordal til Bergens Tidende på telefon frå sjukesenga på Desert Valley Hospital i California.

Ein av dei to sønene, Ole Jordal, bur i Jordalen i Bergen. Den andre sonen, Tore Jordal, bur på Filippinane.

Det var Tore Jordal som oppdaga at noko var gale, då han sat framfor datamaskina si på Filippinane. Han såg at mora låg urørleg i stova, og ho svarte ikkje då han prøvde å ringje til henne.

Etter å ha forsøkt å komme gjennom på telefon til politiet i USA uten resultat, ringde han til bror sin, Ole, i Jordalen. Der tok kona til Ole straks affære og fekk kontakta ambulanse i Piñon Hills, der mor til Jordal-brørne bur i California. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving