- «Kjærlighedskraftå»

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Me må vere bevisste på dei gode kreftene, seier Mia Gundersen, som no gir ut juleplate saman med Bjarte Hjelmeland og Oslo Gospelchoir.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Mia Gundersen og Bjarte Hjelmeland er begge er kjende for uttrykksfulle stemmer og stort formidlingstalent.Mia Gundersen og Bjarte Hjelmeland er begge er kjende for uttrykksfulle stemmer og stort formidlingstalent.

«Lys i Mørket», heiter den nye plata til Oslo Gospelchoir, som Mia Gundersen Lelienhof er med på.

Overskotet går til Kirkens Bymisjon sin førjulsaksjon med same namn.

Mia Gundersen Lelienhof bestemte seg tidleg for at det var skodespelar ho ville verte når ho vart stor.

Då ho var 8 år gamal sto ho på scena for første gang, på Rogaland teater.

Full fart


På 80- talet satsa Mia Gundersen på musikken, utan at det store gjennombrotet kom.

Men då ho blei songarinne i London Express Orchestra blei interessa rundt Mia større i Noreg, og ho fekk etterkvart fleire roller, både som songarinne og skodespelar.

No kjenner vi ho godt, gladjenta med den karakteristiske stavangerdialekta.

Då eg ringer, er det ein andpusten, men glad stemme som svarer:

- Hallo det er Mia!

Ho ler medan ho unnskylder seg.

- Eg har akkurat vore i eit anna intervju og er ute og går, er snart heime no. Men berre fyr laus med spørsmål du!

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ei ære


Snart dreg dei på turné med kor og orkester.Snart dreg dei på turné med kor og orkester.

Mia Gundersen nølte ikkje då ho vart spurt om ho kunne tenkje seg å lage juleplate saman med Oslo Gospelchoir, der overskotet av inntektene skal gå til Kirkens Bymisjon.

- Åh, så fantastisk, sa eg då dei ringde.

- Oslo Gospel Choir er jo ikkje akkurat kjent for å ha dårlege artistar, eg
følte det var ei ære å bli spurt, seier Mia respektfullt.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Dumme spørsmål

...


- Er dette første gang du gir ut plate?


- Eg har ikkje laga juleplate før, men på 80- talet ga eg ut ein LP, som det heitte den gongen.

- Heitte plata «den gongen»?, spør eg uskyldig, før eg har fått tenkt meg om…

Mia bryt ut i latter.

- Nei, nei, DET heitte «LP» den gongen.

Slik er det å vere journalist og ikkje artist, tenkjer eg flaut i mitt stille sinn...

Fred og forsoning


- Du syng saman med Bjarte Hjelmeland, han er ein gamal kollega av deg?

- Bjarte er en herleg fyr! Eg møtte han på Rogaland Teater, og me har
ein god tone. På plata syng me både ilag og kvar for oss, fortel Mia energisk.

Oslo Gospel Choir har gjort det til sin spesialitet å forsyne nasjonen med ei blanding kjende julesongar og nye tekstar og melodiar som uttrykkjer jula sitt budskap om fred og forsoning.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Mia Gundersen og Bjarte Hjelmeland som begge er kjende for uttrykksfulle stemmer og stort formidlingstalent, set sitt tydelege preg på plata, og det har blitt ei jordnær og vakker tolkning av jula sitt bodskap, om vi skal tru Kirkelig Kulturverksted.

Reiser på turné

I slutten av november, reiser Mia og Bjarte saman med kor og orkester på turné rundt om i noregs land, for å halde julekonsertar.

- Det blir kjekt. Me startar i Kristiansand 30 november, og så ber det rundt over alt. Eg huskar faktisk ikkje alle plassene me skal. Men kjekt blir det. Eg ser fram til det, fortel Mia til oss gjennom røyret.

Dette brenn Mia for


Då eg spør ho kva forhold ho har til Kirkens Bymisjon, oppdagar eg fort at dette er noko ho brenn for.

- Eg har ikkje jobba for dei før, men eg har sett at dei gjer ein fantastisk
jobb. Kirkens Bymisjon viser at respekt, rettferd og omsorg er viktig , det er verdiar som eg sjølv set svært høgt, og prøver å lever etter.

- Eg synest det er godt å få bruke jula til å sette fokus på dei som ikkje har det så bra, seier Mia ettertenksamt.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Tips til oss andre


Eg spør ho om ho har nokon tips til kva me andre, som ikkje kan gi ut plate, kan gjere for dei som har hamna på skuggesida.

- Det er vel å kunne sjå innover på våre egne moglegheiter, kva me kan gjere for at andre skal ha det bra.

- Det er ofte så lite som skal til for å kunne vere eit godt medmenneske. Ein treng ikkje alltid gjere dei store tinga, eit smil kan vere nok til at nokon kan få det litt betre, seier ei klok Mia Gundersen.

«Kjærlighedskraftå»


- Me må vere bevisste på dei gode kreftene. «Kjærleikskraftå»!, er ordet ho skildrar disse kreftene med.

Mia nærmast ropar det ut, og det høyrest ut som om ho gestikulerer for å understreke kor viktig ho synest dette er. Ekstra kraftfullt blir det óg når ho seier det på den sjarmerande dialekta si, med den særeigne «skarringa».

- Me må også vere bevisste på at me ikkje bli smitta av dei negative
kreftene. Negativitet smittar! Av og til har du lyst til å slå til et menneske, tenke at, fader, han toler eg ikkje trynet på.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Men det er då det er viktig å fokusere på det positive. Det er vanskeleg, men prøv! Ikkje la dei negative kreftene ta over. Dette kan virke banalt og enkelt, men du må vere bevisst din egen handling, fortset ho engasjert.

Feil fokus


- Det er så mykje fokus på korleis me skal sjå ut, kva me skal ete, kva me må ha og så bortetter. Så mykje av fokuset kjem utanfrå, det verkar som me gløymer det aller viktigaste, nemleg at me har eit ansvar for dei rundt oss, at me må bry oss.

No er Mia Gundersen Lelienhof nærmast ikkje til å stoppe:

- Naboen kan sitte aleine i fleirfaldige år, uten vener, uten å våge å ta kontakt. Og me bryr oss ikkje før me kjenner liklukta. Det er forferdeleg.
Me må gripe fatt i haldningane me har til andre menneske, seier ho dramatisk.

Før eg får tid til å stille neste spørsmål, fortset ho vidare:

- Me må slutte å dømme kvarandre. Det er jo sånn me menneske er,
dessverre. Men her igjen, den bevisste holdningane til korleis me tenkjer. Bruk heller energien din til noko positivt. Sei til deg sjølv at du ikkje vil tenkje sånn.

- Så lenge eg berre får dette skikkeleg fram, er eg fornøgd. Det er så viktig for meg, seier den engasjerte stavangerdama.

Eg er iallfall ikkje i tvil om kva ho meiner, og ho har fått meg til å tenkje.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Julefeiring i Bergen


Er du i gang med juleførebuingane?

- Nei, i år blir det lite. Me held på å flytte inn i nytt hus, alt står på
hovudet. Så i år blir det jul i Bergen, hjå familien til Marcel, mannen min.
Det kjem nok til å gå mest i å hjelpe svigermor, som elskar å pynte til jul.

Isbadar?


Og i samband med jul og famileforbereiingar, kjem me kjem inn på fødebyen hennar, Stavanger.

- Eg elskar Stavanger, det er så fint der! skulle ønskje eg kunne vore på stranda.

- På stranda? Er du isbadar?

Mia bryt ut i latter endå ein gong. Og då slår det meg kor dumt spørsmålet var, og seier til meg sjølv at ein treng ikkje bade for å vere på stranda.

- Eg hadde nå berre lyst til å ta meg ein rusletur, det er så fint der ute no, humrar ho av meg, atter ein gong.

Til min kjære


- Har du nokon julesongar du er ekstra glad i ?

- Det må bli «Deilig er jorden», seier ho utan å tenkje seg om. - Den er så nydeleg. Ja, og så har eg og Marcel ein tradisjon, me spelar ei juleplate av Stevie Wonder, fortset ho. - Så den er óg blant julesongane eg er ekstra glad i.

Då eg spør kva plata heiter, må ho melde pass.

- Det er ei plate som eg fekk av Marcel ein gong. «Til min kjære», står det på ho, seier Mia Gundersen stolt.

«Deilig er jorden» er også med på juleplata som kjem ut no førstkomande måndag. I tillegg til tradisjonelle julesongar, har dei valt å ta med ein del songar som kanskje ikkje først og fremst blir forbunde med jula, som til dømes den berømte songen «Engler i sneen», av Ole Paus og Jonas Fjeld.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Heilt ny julesong


Tittelen på plata og kampanjen er også namnet på ein heilt ny julesong, «Lys i mørket», skriven av dirigenten i Oslo Gospel Choir, Tore Aas.

- På måndag kjem plata, det blir spennande. Eg ser fram til det, medgir Mia.

Og som avskjed seier Noreg si eiga Evita til meg: - Du må ha det riktig bra, og sjølv om det er ei stund til, ønskjer eg deg ei god jul!

Eg ønskjer Mia ei god jul tilbake, og lykke til med plata og turneén. Eg veit om ei gåve som kjem til å liggje under mange tre om nokre veker...Ler meir om

Kirkens Bymisjon

Mia Gundersen:

Offisiell heimeside

Les meir om Mia Gundersen i

Neste Klikk

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving