Verdas hallo-dag er i dag!

Artikkelen fortsetter under annonsen

For 32 år sidan fann dei to brørne McCormack ut at dei ville gjere ein innsats for verdsfreden, og det resulterte i World Hello Day.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sei hallo til ti menneske i dag, oppfordrar World Hello Day. Slik seier ein hallo med døveteikn. (Ill: pbskids.org)Sei hallo til ti menneske i dag, oppfordrar World Hello Day. Slik seier ein hallo med døveteikn. (Ill: pbskids.org)

Konseptet er fantastisk enkelt og alle kan vere med:

I håp om at vi skal få ei meir fredeleg verd viss me snakkar med kvarandre, ber folka frå World Hello Day oss om å bruke 21. november til å seie «hallo» til ti ulike menneske. Berre det.

Berømte hallo


Fleire kjende og ukjende menneske har vore med på World Hello Day opp gjennom åra: Moder Teresa , Brian Wilson frå the Beach Boys, Barbara Bush , Kofi Annan , Olof Palme og Whoopi Goldberg, mellom mange andre.

Fred på jord


Rørsla har spreidd om seg til over 180 land, i følgje World Hello Day. Det som skal ha motivert McCormack'ane den gongen i 1973, var den pågåande krigen mellom Israel og Egypt, og dessverre er det framleis alt for mange krigar i verda.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er muleg at ti helsingar ein dag i november åleine ikkje kan borge for verdsfreden, men det er i alle høve eit fredeleg, sosialt og ikkjevaldeleg tiltak, verd å prøve.

Sånn eller slik


Korleis ein skal helse? Nei, det er det vist ikkje nokon standard på. Ansikt til ansikt er kanskje det mest sympatiske, men viss det ikkje let seg gjere, så er vel telefon, epost, faks, flaggheising, døveteikn, miming eller brevdue heilt greitt, det óg.

Hei, mamma


Kven du bør helse på, seier heller ikkje World Hello Day noko om, berre at det skal vere ti folk og at det skal skje den 21. november. Eit tips kan vere å helse til Björk, ho fyller 40 år i dag. Eg helser med dette til deg som les, og har dermed sagt hallo til…i alle fall fleir enn ti!

Peace and love!

Meir på nettet:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Nyhende
Næringsliv
Reise og oppleving