Sal av ulovleg hårfarge
Grønn Hverdag gjorde ein test av hårfarger, og avdekte at nettbutikkane magasi.net og gents.no selde farger som er forbodne i Noreg.
Skadeleg for fisk
Fargene inneheld stoffet Octoxynol-9, som blir brote ned til ei hormonforstyrrande forbinding i miljøet. Denne forbindinga kan blant anna skade fisk.
Mange svært tvilsame
Grønn Hverdag testa 25 hårfarger som seljast på den norske marknaden. Dei fann, i tillegg til dei forbodne stoffa, ei rekkje stoff med svært tvilsame helse- og miljøeigenskapar for miljø.
Sluttar å selje
Nettbutikken magasi.net sluttar å selje den ulovlege farga etter politimeldinga.
Dagleg leiar i nettbutikken, Åge Kruse, uttalar at magasi.net har kjøpt den ulovlege hårfarga frå ein norsk importør og gått ut frå at produktet var godkjent. Kruse beklagar at dei har kjøpt produktet, seier Grønn Hverdag i ei pressemelding i dag.
Få miljøfarger
Berre tre av dei 25 hårfargeprodukta Grønn Hverdag testa, inneheld ingen stoff som er klassifisert som miljøskadelege, hormonforstyrrande, reproduksjonsskadelege eller mutagene.
Mange fargar håret
Minst 72 millionar kvinner i Europa fargar håret regelmessig, ifølgje svenske aftonbladet.se.