Norske menn er for lite romantiske

Artikkelen fortsetter under annonsen

Norske menn er ikkje flinke nok til å ta vare på kvinnene sine.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: darrenbarefoot.com)(Foto: darrenbarefoot.com)

(NPK): Men dei er flinkare på bygda enn i tettbygde strøk. Det viser ei undersøking Norstat har gjort blant 1.500 kvinner i Noreg, Sverige og Finland.

74 prosent av dei spurde norske kvinnene hevdar dei har funne mannen i sitt liv. Medan 71 prosent svenske og 65 prosent finske kvinner meiner å ha gjort det same.

Dei heldigaste kvinnene finn vi på landsbygda, her har heile 82 prosent funne den store kjærleiken, melder analysebyrået.

Undersøkinga hevdar og at norske menn bør bli meir romantiske. Fire av ti norske kvinner drøymer om at kjærasten eller ektemannen oftare skal behandle dei som prinsesser.

Svenske menn er ifølgje spørjeundersøkinga mykje dyktigare enn nordmenn på kvinnesmiger. Berre tre av ti svenske kvinner svarer at dei skulle ønskje mennene oftare gav dei litt meir «kongeleg» behandling. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Miljø
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi

Næringsliv
Reise og oppleving